Foreldre og skuleleiing vil ha turløypa fullført: – Vi håpar fylket kan vurdere denne saka på nytt, området er viktig for barna våre

Fire samla FAU-lag ved skulane Skram, Skavøypoll, Raudeberg og Vågsøy ungdomsskole, samt rektorane ved dei same skulane, understrekar no kor viktig utvidinga av turløypa på Dalsneset i Deknepollen er for dei og deira barn og elevar. No har dei skrive brev til Fylkesmannen, kommunen og andre.

Fire samla FAU-lag ved skulane Skram, Skavøypoll, Raudeberg og Vågsøy ungdomsskole, samt rektorane ved dei same skulane, understrekar no kor viktig utvidinga av turløypa på Dalsneset i Deknepollen er for dei og deira barn og elevar. No har dei skrive brev til Fylkesmannen kommune og andre.   Foto: Privat

Nyheter

– FAU ved barneskulane Skram, Skavøypoll, Raudeberg, i tillegg til Vågsøy ungdomsskule, ønskjer med dette å formidle kva Dalsneset i Polljen og fullføring av turløypa vil bety for oss og barna våre. Det er eit område som skulane har brukt til opplæring i ulike fag og også til tverrfaglege aktivitetar. Det er også eit område som stimulerer til å øve på sosiale ferdigheiter. Elevane får testa ut ting dei har lært i for eksempel naturfag og mat og helse, og dei får oppdage og utforske, både på land og i vatn.