Meiner denne lokaliteten kan vere mogleg landingsplass for helikopter

I torsdagens kommunestyremøte i Stad, fekk representantane Gunn Sande (Sp) og Geir Årvik (H) svar på sine spørsmål rundt landingsplassar til ambulanse- og redningshelikopter i dei ytre delane av kommunen.

Lande her?: Industriområdet på Leikanger, der blant anna den nye brannstasjonen ligg, var nemnt som mogleg lokasjon for landingsplass til helikopter.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Problemstillinga som ligg til grunn for spørsmåla, er at helikopter på utrykking, ved fleire høve må fly rundt i dei ulike bygdene for å finne egna området for landing. Det til trass for at det har vore eigne området til nettopp dette tidlegare.