Jessica Haaland frå Wisconsin, USA har funne seg til rette på Stadlandet. Ho følgjer med bekymring med på kva som rører seg i heimlandet. Ho er republikanar i hjartet, men vedgår at det ikkje er alt med partiet som fell i smak. Foto: Bjørn Erik Drabløs

– At eg ville ha valt å stemme republikansk, er ikkje det same som at eg gir mi moralske godkjenning til Donald Trump

Kvifor er vi så opptatt av eit presidentval i eit anna land? Og kva meiner amerikanarar som bur i Norge, og nordmenn som er over gjennomsnittet interessert i amerikansk kultur, om all ståheien? Vi har stilt fem personar spørsmålet.