No kan du studere naturkreftene ved Kråkenes fyr direkte

No kan du sitte heime i sofaen og sjå bølgjene bryte på eitt av dei mest vêrharde punkta på kysten via det nye web-kameraet på Kråkenes fyr.

Frå venstre: Tor Magne Gangsøy, Dan Arve Barmen, Jan Inge Djuvik, Finn Humborstad, Rune Henden og Erling Wåge.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

I dag lanserer Fjordenes Tidende det nye livekameraet sitt, som er montert på eitt av dei mest vêrharde punkta langs kysten, på Kråkenes fyr med utsikt over Stadhavet og Stadlandet.

– Dette blir spektakulært når det stormar og havet kokar, og eksotisk når det er havblikk og sola går i havet, seier ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge, om det nye kameraet på Kråkenes.

Fjordenes Tidende samarbeider om kameraet med Triangel Security, Nordfjordnett, Ytre Nordfjord Turlag i DNT, Kinn kommune, Stad kommune og Kystverket.

Finn Humborstad i Triangel Security.  Foto: Erling Wåge

– Det var leiar i turlaget, Tor Magne Gangsøy, som lanserte ideen for oss. Og utflytta måløyværing Finn Humborstad i Triangel Security tente på ideen saman med oss i Fjordenes Tidende. Dermed starta snøballen å rulle. Og no er eit topp moderne kamera som sender levande bilde frå fyret og havstykket på plass slik at du kan sitte heime i godstolen og sjå på havet og naturen rundt Kråkenes fyr.

Leiar i Ytre Nordfjord Turlag, Tor Magne Gangsøy.  Foto: Erling Wåge

Spleiselag

Kamerasamarbeidet er eit spleiselag mellom alle aktørane som har vore med på å få dette til. Sentralt i arbeidet har Nordfjordnett stått, og driftsansvarleg i Nordfjordnett, Dan Arve Barmen, har jobba hardt på den tekniske biten med å få linjer ut til fyret.

– Det har vore utfordrande å få sendt bildesignal frå Kråkenes og inn på eit nettverk. Her har Kinn kommune og Stad kommune bidrege godt. Vi sender signal i luftlinje frå Kråkenes til ein mottakar i Selje sentrum som er ein del av det store nettverket til Nordfjordnett. Dermed får vi videoen som kameraet tek opp, og kan få det ut til folk, seier Barmen.

Driftsansvarleg i Nordfjordnett, Dan Arve Barmen.  Foto: Erling Wåge

Finn Humborstad i Triangel Security har levert sjølve kameraet. Han seier dette er det nyaste og mest moderne av denne typen.

Her er kameraet montert på ein bergknaus ovanfor Kråkenes fyr.  Foto: Tor Magne Gangsøy

– Det skal tole kraftig vind og utfordrande vêrforhold, noko vi veit det er mykje av på Kråkenes og på Stadhavet. Kameraet har god kvalitet på bildet både natt og dag. Testane som vi har køyrd før lanseringa onsdag har vist at det kan vere litt utfordrande med linja frå Kråkenes til Selje, men vi håpar det skal gå greitt, seier Humborstad.

Her finn du det nye kameraet på Kråkenes.

Har investert 250.000 kroner

Alle får gratis tilgang til levande bilde frå kameraet som no ligg ope på Fjordenes Tidende si webkamera-side. Her ligg det også tilgang til fleire andre kamera som Fjordenes Tidende har publiseringsrett på, frå ulike andre stadar i området.

Med arbeidsinnsats, dugnad, utstyr og tekniske tilrettelegging er det investert rundt 250.000 kroner i å få dette til, seier styreleiar i Ytre Nordfjord Turlag, Tor Magne Gangsøy.

Her ser ein kameraet som er montert på ein stolpe.  Foto: Tor Magne Gangsøy

– Dette er eit stort løft som vi ikkje hadde klart utan at alle partane har bidrege. Men vi trur dette kan vere ei veldig god reklame for området og kunne bidra til å lokke turistar og andre til området, seier han, og får støtte av Erling Wåge som vil skryte av alle som har vore med på dette prosjektet for deira stå-på-vilje og innsats for å løyse utfordringar.

– Vi har alle samarbeida godt. Det er veldig bra, seier Wåge.

Og her kan du følgje med på skipstrafikken

Frå venstre: Rune Henden i Fjordenes Tidende, Tor Magne Gangsøy i Ytre Nordfjord Turlag, Dan Arve Barmen og Jan Inge Djuvik i Nordfjordnett og Finn Humborstad i Triangel Security.  Foto: Erling Wåge

Fakta om webkameraet på Kråkenes:

- Fjordenes Tidende har publiseringsrett til webkameraet.

- Ytre Nordfjord Turlag står som juridisk eigar av kamera og utstyr. YNT utfører vedlikehald og har teknisk utstyr på fyret.

- Triangel Security har ansvaret for drift av kameraet, oppdatering og drift av direktesendinga.

- Nordfjordnett har drift av radiolinjer og nettverkstilgang.