Bilførar i 20-åra måtte levere frå seg førarkortet etter kollisjon

Det var onsdag klokka 11.15 at det var ein kollisjon mellom ein bil og ein traktor på rv. 15 på Lefdal i Stad kommune.

Både personbilen og traktoren, som vi ser på dette biletet, fekk store skader i kollisjonen på Lefdal onsdag.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Kollisjonen skjedde då ein traktor med tilhengar skulle svinge av riksvegen. Ein personbil som kom bak i same retning var ikkje oppmerksam nok, og køyrde rett inn i sida på traktoren, opplyser regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum til Fjordenes Tidende.