Dei unge fekk «smake» på litt av det som lokalt næringsliv kan tilby

Under innovasjonsdagen på Selje skule torsdag, fekk tiandeklasseelevane frå begge ungdomsskulane i ytre Stad bryne seg på oppgåver som sju ulike bedrifter hadde laga. Konklusjonen var at her er det mykje å lære – og det går begge vegar.

Framtida: Elevar frå Selje til venstre, og Stadlandet til høgre brukte onsdagen på å løyse oppgåver som lokale verksemder hadde sett saman. Målet er at ein på den kan syne undomane at det er ei framtid på jobbmarknaden på heimebane.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

– Dei er kjempeflinke og aktive, og har jobba godt med oppgåva eg har gitt dei, så her kjem det fram ting som vi kan dra nytte av på hotellet også. Blant anna har dei foreslått etableringa av ein barnebar, som er noko eg aldri har tenkt på før, seier hotellsjef ved Stad hotell, Øystein Wiig Rambøl.