Del dine flottaste bilete frå julebyen og vinn gåvekort

Har du tatt eit fint bilete av julegata i Måløy? Del det med oss.

Har du tatt eit fint bilete av julegata i Måløy? Del det med oss. Her frå julegata i Måløy i fjor.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Torsdag ettermiddag opnar julegata i Måløy, og vi i Fjordenes Tidende og Måløy Handelsforening vil gjerne sjå dine finaste bilete frå ei julepynta Gate 1. Blant alle som sender inn trekk vi ein vinnar som får eit gåvekort på 1.000 kroner som ein kan bruke i butikkane i Måløy. Trekninga skjer 1. desember.

Alt du treng å gjere for å vere med i konkurransen er å merke ditt finaste bilete frå julegata med #julimåløy eller sende dei på e-post til fjt@fjt.no. Merk då e-posten med Jul i Måløy. Skriv også namn og telefonnummer.

Nokre av bileta som kjem inn vil kome på trykk i Fjordenes Tidende sitt magasin Jul i Måløy, som kjem ut 8. desember.