– Kva ansvar har fylkeskommunen når ekspressbusstilbodet forsvinn?

Til neste møte i samferdselsutvalet i Vestland fylke, stiller Trude Brosvik (KrF) spørsmål om kva ansvar fylkeskommunen har for å sette inn ruter når ekspressbusstilboda forsvinn.

Til neste møte i samferdselsutvalet i Vestland fylke, stiller Trude Brosvik (KrF) spørsmål om kva ansvar fylkeskommunen har for å sette inn ruter når ekspressbusstilboda forsvinn.  Foto: Presse

Nyheter

– I gamle Sogn og Fjordane har det vore heller lite dobbelkøyring av buss, på den måten at det går både fylkeskommunal buss og ekspressbuss tilnærma samtidig. Ekspressbussane har i stor grad vore utfyllande tilbod langs riksvegrutene. Som følgje av dei utfordringane kollektivtransporten har grunna covid-19, ser vi at fleire ekspressbussruter blir lagt ned. Sist er dette synleggjort i Fjordenes Tidende 18. november, der korrespondansen frå snøggbåten frå sør med buss frå Måløy mot Nordfjordeid er tatt vekk, skriv Brosvik.