Fryktar at kommunen sparar seg til fant

– Kvifor øydelegge eit tilbod som fungerer?

Familiar som har hatt stor nytte av God start-tilbodet på sjukehuset på Nordfjordeid reagerer sterkt på kommunedirektøren sitt framlegg om å avslutte avtala.

Bak f.v. Synnøve Berg Svarstad, Roy Husevåg, Franziska Menzel, Mari Berentzen Mardal, Randi Kristin Strand Kandal, Hege Cecilie Vengen (rekke nr. 2 f.v.), Victoria Færestrand, Ina Lotsberg, Stine Myklebust, Ida Kvalheim (framme f.v.), Lone Kongshaug, Aleksander Rong og Marita Buvik meiner det er feil å kutte God start-tilbodet ved Nordfjord sjukehus. Dei vil kjempe for tilbodet og seier det er viktig for å trygge situasjonen for mor og far.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Ein må passe på så ein ikkje sparer seg til fant. Mister ein fødde per år, fordi folk ser på det som meir risikabelt å få barn utan God start-tilbodet, så har ein berre tapt pengar. Skal ein stimulere til folketalsutvikling er dette feil ende å begynne i, seier Synnøve Berg Svarstad.