Ein fastlege og ein tilsett ved legekontoret er sett i karantene

Ein fastlege og ein annan tilsett ved Selje legekontor er sett i karantene som nærkontaktar til ein pasient smitta med covid-19. 

Ein fastlege og ein annan tilsett ved Selje legekontor er sett i karantene som nærkontaktar til ein pasient smitta med covid-19.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Det opplyser Stad kommune i ei pressemelding.

Dei to vert testa i dag.

Ifølge kommunen har det vore kortvarig og avgrensa kontakt og ingen av dei har symptom på infeksjon. Likevel har ein valt å sette dei i karantene som eit tryggingstiltak.

– Det er ingen risiko for smitte knytt til andre legar og tilsette ved Selje legekontor, og drifta ved kontoret held elles fram som normalt, opplyser Stad kommune.