Ni nye positive prøver det siste døgnet, blant anna frå Kinn og Stad

Helse Førde opplyser at det er ni nye positive prøver blant prøvene dei analyserte torsdag.

Helse førde førde sentralsjukehus korona covid 19 legevakt sykehus og sjukehus smitte smittefare smittevern  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Dei positive prøvene er frå kommunane Stryn, Kinn, Stad, Gloppen og Sunnfjord.

Slik ser statstikken frå Helse Førde ut for den siste veka:

Torsdag 12. november: 1 ny av 253 analyserte prøver

Fredag 13. november: 0 nye av 239 analyserte prøver

Laurdag 14. november: 2 nye av 180 analyserte prøver

Søndag 15. november: 0 nye av 41 analyserte prøver

Måndag 16. november: 0 nye av 130 analyserte prøver

Tysdag 17. november: 6 nye av 414 analyserte prøver

Onsdag 18. november: 5 nye av 305 analyserte prøver

Torsdag 19. november: 9 nye av 331 analyserte prøver

Prøver teke i området til Helse Førde kan verte analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Kommunen for prøvetaking er heller ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Tala omfattar ikkje prøver som er undersøkte ved andre laboratorium.

Innlagde pasientar per dato med stadfesta COVID-19 smitte: 0
Heimeverande og sjukmelde tilsette pga. korona: 0 (av om lag 3000 tilsette)
Tilsette som har hatt stadfesta smitte: 5 (av om lag 3000 tilsette)