Rune og Ingebjørg fryktar for sonen si framtid om klassar blir flytta frå skulen. Eirik (5) er fødd blind og treng eit trygt miljø

For Rune Rindal og sambuaren Ingebjørg Myklebust er forslaget om å flytte 5.-7. klasse frå Ålfoten oppvekstssenter kanskje endå meir alvorleg enn for andre familiar. Sonen deira på fem år er fødd blind, og ein liten skule i nærområdet der han kan vere trygg og ta viktige steg er heilt avgjerande for han.

For Rune Rindal og sambuaren Ingebjørg Myklebust er forslaget om å flytte 5.-7. klasse frå Ålfoten oppvekstssenter endå meir alvorleg enn for andre familiar. Sonen deira på fem år er fødd blind, og ein liten skule i nærområdet der han kan vere trygg og ta viktige steg er heilt avgjerande for han.   Foto: privat

Nyheter

– Som småbarnsforeldre i Ålfoten reagerer vi kraftig på kuttforslaga til formannskapet. For Eirik sin del vil dette kuttforslaget vere ei katastrofe. Vi er verkeleg redde for framtida for det viser seg nemleg at mesteparten av dei som er blinde blir uføretrygda, seier Rune Rindal til Fjordenes Tidende.