Har gjort hærverk og forsøkt å tenne på lokala

– Det er berre utruleg trist

Knutholmen sine lokale i Frøyenhuset i Kalvåg er utsett for hærverk.

Det er tydlege spor etter hærverket i Frøyenhuset.  Foto: Privat

Nyheter

– Vi har dessverre hatt besøk av nokre med arbeidslyst, som har gjort skade i eit av våre lokale på Frøyenhuset, skriv Fosse på si Facebook-side.

  Foto: Privat

Han fortel at vedkomande mellom anna har forsøkt å tenne på lokala, kasta kunst ut gjennom vindauge og grisa med spraymåling.

– Hadde ein lukkast med å tenne på, og når vi veit kor tett husa står, så hadde heile Kalvågen reist, seier Fosse til Fjordenes Tidende og held fram:

– Det er utruleg trist og vi blir såra. Folk kan gjere mykje, men dette er totalt meiningslaust.

  Foto: Privat

Fosse fortel vidare at hærverket skjedde rundt klokka 16.00 laurdag.

– Det er gjort gode observasjonar av vedkomande og saka er meldt til politiet. Ei rask avklaring vil vere ein fordel for alle involverte, skriv Fosse.

  Foto: Privat