Kommunedirektøren svarar på kritikk om forseinka plan for skulane

– Skulebruksplanen vil gi svar på kva vi må kutte i framtida. Ingenting vil gjelde frå neste år

Kommunedirektør Terje Heggheim forklarar at han har gitt Norconsult forlenga frist på å levere ein skulebruksplan for framtidig skulestruktur i Kinn kommune. Denne rapporten har dermed ikkje ligge føre som underlag til budsjettforslaget som no er levert.

Kommunedirektør Terje Heggheim forklarar at han har gitt Norconsult forlenga frist på å levere ein skulebruksplan for framtidig skulestruktur i Kinn kommune. Denne rapporten har dermed ikkje ligge føre som underlag til budsjettforslaget som no er levert.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Konsulentselskapet trengde meir tid, og det har vi gitt dei. Det kan vi gjere fordi dette ikkje handlar om tiltak som skal settast i verk frå 1. januar, men som ligg i løpet av fireårsperioden. Ingenting i den rapporten vil gjelde frå neste år, seier Terje Heggheim til Fjordenes Tidende.