Men direktesendinga frå Kråkenes fungerer fint

Lynet har slått ut WEB-kameraet på brua

Fjordenes Tidende sitt WEB-kamera på fastlandssida av Måløybrua er dessverre ute av drift.

Skjermdump av WEB-kamera.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Årsaka er at det vart øydelagt av lyn, opplyser ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.

Han veit ikkje kor tid feilen blir retta eller det kan komme på plass eit nytt kamera. Men det blir arbeidd med saka.

Her kan du følgje med på trafikken på havet.

– Men kameraet som Fjordenes Tidende har publiseringsretten til frå Kråkenes fungerer fint, og ser ut til å ha tolt den første orkanen. Det er berre å gå inn på fjt.no og Webkamera i toppmenyen, så ligg kameraet der med direkteoverføring av bølgjene på Stadhavet minutt for minutt, seier Wåge.


No kan du studere naturkreftene ved Kråkenes fyr direkte

No kan du sitte heime i sofaen og sjå bølgjene bryte på eitt av dei mest vêrharde punkta på kysten via det nye web-kameraet på Kråkenes fyr.


I dag har det blåse orkan med vindkast på over 41 meter per sekund på Kråkenes. Det er orkan ved 32 meter per sekund.

Skjermdump av Fjkordenes Tidende sitt WEB-kamera på Kråklenes  Foto: Fjordenes Tidende

Her finn du Fjordenes Tidende sine Webkamera.