Person som allereie var i karantene har testa positivt på koronasmitte

Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune.

Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Personen var allereie i karantene som nærkontakt til ein person med påvist smitte, og smittetilfellet har ikkje ført til nye nærkontaktar i saka, opplyser Stad kommune i ei pressemelding.

Smittetilfellet er kopla til den kjende saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen. Den smitta er i heimeisolasjon.



– Kommunen har gjennomført omfattande smittesporing og testing i veka som har gått, og ein har klart å få god kontroll på situasjonen, skriv kommunen.

Fleire prøvesvar er venta laurdag.