Snart kan utanlandske TV-sjåarar bli med inn i vikingsenteret

Serien Ultimate Viking kombinerer eventyr og opplevingar med levande historie og vil ha premiere på amerikanske Smithsonian Channel i 2021. Sagastad og Norsk Fjordhestsenter er med i dokumentaren som følgjer serien. Filminga er allereie i gang.

F.v. programleiararne Kristoffer Hivju og Gry Moldvær Hivju, førsteamansuensis ved arkeologisk seksjon ved Kulturhistorisk museum Marianne Hem Eriksen og dagleg leiar ved Sagastad Eli Førde Aarskog. Bilete frå første dagen med filming i Sagastad.  Foto: Privat

Nyheter

Serien har åtte episodar, og kvar episode er forankra i historisk kunnskap om vikingtida, og utforskar korleis det var å leve som viking for 1.000 år sidan. Serieskaparane har jobba tett saman med museum, arkeologar og ekspertar både i Norge og Storbritannia, og det vert bygd ein eigen vikingbuplass på norskekysten.