Tilsett i barnehagen er smitta - har stengt ei avdeling

Ein tilsett i Skarevik barnehage har testa positivt på koronasmitte.

Ein tilsett i Skarevik barnehage har testa positivt på koronasmitte.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Det er ein tilsett som er smitta. Alle som har vore i nærkontakt med denne personen har gått i karantene. Det vart gjort umiddelbart, seier styrar Karin Myhre Refvik i barnehagen til Fjordenes Tidende.


Tre nye positive prøver det siste døgnet, blant anna frå Kinn og Stad

Helse Førde opplyser at det er tre nye positive prøver blant prøvene dei analyserte fredag.


Myhre Refvik fortel vidare at som følge av den positive koronaprøva vart alle tilsette og barn på avdelinga der den smitta jobba sett i karantene. Dette inneber at fem tilsette og ni barn no sit i karantene.

– Onsdag gjekk den tilsette i karantene etter å ha vore i kontakt med smitte. Personen vart testa, og fredag fekk vi svaret.



– Påverkar dette drifta av barnehagen i komande veke?

– Vi jobbar med saka. Korleis det blir frå måndag av kan eg ikkje svare på no.

Smittevernlege Jan Helge Dale i Kinn stadfestar til Fjordenes Tidende at den positive koronaprøva hos ein tilsett i Skarevik barnehage heng saman med utbrotet i Stad kommune.

– No blir nærkontaktane til denne personen testa på måndag. Vi har vore tidleg ute og har fått sett folk i karantene, seier Dale.


Person som allereie var i karantene har testa positivt på koronasmitte

Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune.


Det var Måløy24 som omtalte den positive koronaprøva i barnehagen først.