– Eit basseng vil vere eldreomsorg og folkehelsearbeid på sitt beste

Laila Schult, Ingri Føleide, Magna Kvalheim og Ellen Sture er alle einige om at eit Nordfjordbad er noko politikarane bør prioritere å få på plass i krevjande økonomiske tider. Dei viser til omsynet til folketalsvekst, folkehelse og eldreomsorg.

Ellen Sture (f.v.), Magna Kvalheim, Ingri Føleide og Laila Schult meiner at når politikarane fjerna badet på ungdomsskulen er dei forplikta til å kome med noko nytt og betre. Dei meiner at eit moderne folkebad i sentrum av Måløy er noko å satse på for framtida.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Får vi aktivisert dei eldre blir alderdomen betre, og ein har mindre bruk for sjukepleie og helsereparasjonar. Eit Nordfjordbad i Måløy ville gitt eldreomsorga eit kraftig løft, både med omsyn til trivsel og førebygging. Vi ville også fått ein ny sosial arena, seier Schult, som også trekk fram at dette vil vere eit viktig tilbod til fleire grupper.