Denne veka kan du vere ein av 15.000 som får koronamelding

15.000 innbyggjarar i Vestland får denne veka SMS og e-post frå Folkehelseinstituttet om å delta i ei spørjeundersøking om korleis dei er påverka av koronapandemien.

15.000 innbyggjarar i Vestland får denne veka SMS og e-post frå Folkehelseinstituttet om å delta i ei spørjeundersøking om korleis dei er påverka av koronapandemien.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Vestland er eitt av fire fylke som er plukka ut til å vere med i undersøkinga. Dei andre er Oslo, Agder og Nordland. Målet for Folkehelseinstituttet (FHI) er å finne ut om folk følgjer smittevernråda om hygiene og avstand. Undersøkinga inneheld i tillegg spørsmål om korleis folk opplever situasjonen under koronaepidemien. Her blir det spørsmål om livskvalitet, arbeidssituasjon psykisk helse.