Har testa 270 personar i kommunen denne veka

Ny nærkontakt har fått påvist smitte

Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune.

Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Personen var allereie i karantene som nærkontakt til ein person med påvist smitte, og smittetilfellet har ført til berre éin ny nærkontakt i saka, opplyser kommunen i ein e-post.

Smittetilfellet er kopla til den kjende saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen. Den smitta er i heimeisolasjon.

Det er ikkje venta fleire prøveresultat i helga.


Person som allereie var i karantene har testa positivt på koronasmitte

Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune.


– Denne veka har ein testa heile 270 personar for covid-19 i Stad kommune. Smittesporingsarbeidet har vore svært omfattande, men ein ser no at innsatsen har hatt god effekt, skriv kommunen ved kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo i Stad.


Tilsett i barnehagen er smitta - har stengt ei avdeling

Ein tilsett i Skarevik barnehage har testa positivt på koronasmitte.


Dei opplyser at personar i karantene og isolasjon vert følgt opp vidare. Personar i karantene vert også testa på nytt om dei vert sjuke i karantenetida som varer 10 dagar etter siste kontakt med ein smitta person.

– Personar med påvist smitte skal vere i heimeisolasjon i 10 dagar etter at dei vart sjuke, eller til 10 dagar etter positiv test om dei ikkje har hatt symptom. Dei kan då ikkje lenger smitte andre, og dei kan vende tilbake til normal aktivitet i arbeid og fritid.