Snart kuttar han tråden for siste gong

Lars kan det meste om tau og tauverk etter å ha jobba med det i 40 år

Måndag blir Lars Solheim (70) pensjonist etter å ha jobba med tau og tauverk ved Fiskevegn AS på Flatraket i førti år. Då kuttar han tråden for godt.

Snart pensjonist: Lars Solheim er siste i rekka som no takkar for seg etter mange år ved Fiskevegn AS på Flatraket.   Foto: Andreas Hellenes

Nyheter

Det seier både noko om dei tilsette og verksemda i seg sjølv at folk blir der lenge. Frå før har nemleg Fjordenes Tidende omtala ekteparet Anne og Svein Venøy som etter førti år på den same arbeidsplassen fekk heider og ære for innsatsen.