Testa 60 personar måndag

Melder om ei ny positiv koronaprøve

Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune.

Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Personen var allereie i karantene som nærkontakt til ein person med påvist smitte, og smittetilfellet har ikkje ført til nye nærkontaktar i saka, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ein e-post.


Helseføretaket melder om seks nye positive prøver

Helse Førde melder onsdag morgon om seks nye positive prøver av 398 analyserte. Fire av desse er frå Kinn kommune etter at tre av nærkontaktane til den smitta i Skarevik barnehage på Raudeberg testa positivt. Den fjerde er knytt til utbrotet i Stad kommune.


Smittetilfellet er kopla til den kjende saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen, og den smitta er i heimeisolasjon.

– Personen som no fekk påvist covid-19, var éin av nærare 60 personar som vart testa i Stad kommune måndag denne veka. Ingen andre testa positivt, skriv Vedeld vidare.

Lege og sekretær ferdige med karantene

Stad kommune opplyser også at ein fastlege og ein annan tilsett ved Selje legekontor no er ferdige med karantenetida og kan vende tilbake til jobb torsdag.

Dei har vore i karantene etter nærkontakt med ein pasient smitta med covid-19. Det var kortvarig og avgrensa kontakt, og ingen av dei to har hatt symptom på infeksjon. Begge to har blitt testa for covid-19 to gongar i karanteneperioden, og alle testar har vore negative.

– Ein er trygge på at kontakt med dei to tilsette eller andre besøk ved legekontoret i Selje ikkje har medført risiko for smitte med covid-19, skriv kommunen.