Vil ikkje ha maten levert frå Svelgen

– Det er høgdepunktet på dagen, når dei eldre kjenner god matlukt spreie seg i huset

Davik utviklingslag ønskjer ikkje at maten skal leverast til Klokkartunet frå Svelgen omsorgssenter som eit innsparingstiltak. Maten er viktig for dei eldre, skriv dei.
Nyheter

- Vi ser at det er budsjettframlegg om å levere mat frå Svelgen omsorgssenter til Klokkartunet. Innteninga med dette tiltaket er, etter det vi kan sjå, på 125.000–150.000 i året. Middagsmaten er viktig for trivselen for dei eldre. Det er høgdepunktet på dagen, når dei kjenner god matlukt spreie seg i huset, skriv dei og peikar på at heimelaga og god mat i lag med eit godt fellesskap skaper trivsel og er viktig for helsa til dei eldste.