– Eleven har ikkje vore på skulen sidan lenge før han blei smitta

Det seier kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale etter at det tidlegare i dag vart kjent at ein av dei tre smitta frå Kinn, til vanleg går på Skram skole.

Den smitta eleven som til vanleg går på Skram skole, har ikkje vore på skulen på lang tid, og utgjer derfor ikkje nokon smittefare seier kommuneoverlege Jan Helge Dale.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Det er riktig at det er ein som er elev der til vanleg som er blitt smitta, men han har ikkje vore på skulen medan han har vore smitta – og heller ikkje i lang tid før han smitta, seier Dale til Fjordenes Tidende.


Tre av de åtte nye smitta er knyttet til barnehageutbruddet

Fredag morgen kunne Helse Førde melde om åtte nye positive prøver fra kommunene Gloppen, Kinn, Stad, Vik og Sogndal. Tre av disse er relatert til det omtalte barnehageutbruddet på Raudeberg.


– Vi har vore klar over at vedkomande heile tida har vore i karantene, og at han derfor ikkje har hatt moglegheita til å smitte nokon andre på skulen. Så det blir feil å seie at ein elev er blitt smitta. Vi har ikkje mistanke om at det er korona i omløp på skulen, så det vil ikkje bli nokre konsekvensar på grunn av dette.

Det var Måløy24 som omtala saka først, med formuleringa som Dale reagerer på. Formuleringa er no endra på nettstaden også.


Åtte nye positive prøver, deriblant i Kinn og Stad

For testdagen torsdag melder Helse Førde fredag morgon om åtte nye prøver. Nokre av dei er frå Kinn og Stad kommunar.


Rektor Jens Frode Vågen bekrefter overfor Fjordenes Tidende at han har sendt ut informasjon til berørt kohort/klassesteg.

– Men det er ikkje smitte på skulen. Derfor er det ingen konsekvenser for skule- eller SFO-drift, seier Vågen.