– Eg fekk vondt av å tenke på at folk kanskje sat einsame heime og var redde for kva som skulle skje no. Kjem mine heim til jul, eller blir eg sittande aleine? Det går utover den psykiske helsa til for å vere bekymra. Dette fekk meg til å tenke på kva det er som gir lys i kvardagen. Det handlar om å ha noko lite å gle seg til og fellesskapet med andre. Men korleis skulle vi få til det utan å møtest fysisk, fortel Hopland Aemmer.

Resultatet av ideen har blitt «Det lyser i stille grender», ein podkast i 24 delar, som lar deg bli betre kjent med personar frå lokalmiljøet vårt. Podkasten får du servert på fjt.no og der du høyrer på podkast kvar dag gjennom adventstida.

Hopland Aemmer seier at målet med podkasten er å kaste lys på menneske som bringar lys til vårt område, kvar på sine måte.

– Eg har tenkt på kven som bringar lys i stille grender, og kven får det til å lyse i våre grender. Felles for desse er at dei sjeldan får kasta lyset på seg.

Samarbeider om førjulsglede

Ideen fekk spinne vidare, og fyrverten på Ulvesund fyr tok kontakt med ansvarleg redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende.

– Då Sølvi kom med sine planar for tre veker sidan og sa at ho ville spreie lys og varme i vår del av kommunen vart eg veldig fasinert, og samarbeidet har resultert i ein adventspodcast som skal gå kvar dag i adventstida på fjt.no. Det synest vi er kjempemoro, seier Wåge.

Hopland Aemmer hadde først planar om å ta opp ein adventskalender med mobilen på Ulvesund fyr, men gjennom samarbeidet har ho nytta det nye podkaststudioet til Fjordenes Tidende. Og her skal ho ha besøk av 24 personar fram mot jul.

– Eg spør dei «kven er du?», og eg spør om dei har opplevd mørkare periodar i livet der ein har trengt meir lys enn andre gongar, seier fyrverten, og held fram:

– Men det blir også gode historier, mykje smil, trekkspel og song. Eg har fått vite mykje eg ikkje ante, og som eg trur andre også får høyre for første gong.

Har full liste

Podkasten har premiere 1. desember på fjt.no.

– «Det lyser i stille grender» er eit resultat av den tida vi lever i no med pandemi. Men då eg gjekk på radiolinja på Gimlekollen på 80-talet var det kjekkaste eg visste å lage portrett. Då vi jobba med nyheiter og reiste på reportasjeturar hadde eg høg puls, men møta med menneske der ein fekk vite kven dei var og kva dei hadde å fortelje var spennande.

Hopland Aemmer har også fått med seg Bjarne Eldevik på prosjektet.

– Eg kjende ikkje Bjarne før vi kom i gang med dette prosjektet, men no har han tatt på seg å redigere alle episodane.

No gler Hopland Aemmer seg til å dele resultatet med fjt.no-lesarane.

– Lista er full med 24 flotte personar. Det er berre å benke seg og kose seg med kvar episode. Og så kan vi undervegs tenke på kor heldige vi er som bur her og har desse flotte folka rundt oss, avsluttar Hopland Aemmer.