– No kan vi starte jobben med å stable på beina ein byggherre som kan starte arbeidet

Terje Andreassen i Kystverket var uvitande om løyvinga til Stad skipstunnel då Fjordenes Tidende tok kontakt tysdag kveld.

Terje Andreassen i Kystverket gler seg over nyheita.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

– No ser vi i alle fall at det var bra at vi har fått gjort så masse forarbeid i år. Så no kan vi starte jobben med å stable på beina ein byggherreorganisasjon, seier Andreassen.