Har vedteke å bruke 100 millionar på nytt opplæringsfartøy

– Dette er eit viktig vedtak for både ungdomane våre og for næringslivet

Fylkestinget vedtok onsdag å bruke 100 millionar kroner på å byggje nytt undervisningsfartøy ved Måløy vidaregåande skule.

Byggjer nytt: Det nye opplæringsfartøyet skal erstatte Skulebas, som er dagens «flytande klasserom» ved Måløy vidaregåande skule.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Dette er eit viktig vedtak for både ungdomane våre og for næringslivet. Eit nytt, moderne og framtidsretta opplæringsfartøy vil vere med å rekruttere og utdanne framtidas arbeidstakarar i ei av dei viktigaste næringane i både fylket og landet, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding.