Her kan du følgje med på vind og vêr i dag

Søndag er det meldt både vind og regn på kysten. Rugsundbrua har allereie vore stengt, og det bles friskt på Måløybrua også.

Søndag er det meldt både vind og regn på kysten. Rugsundbrua har allereie vore stengt, og det bles friskt på Måløybrua også.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Firdaposten melder at Rugsundbrua allereie har vore stengt i morgontimane, og vegtrafikksentralen spår at vinden kan forårsake meir ugagn. Førenels er fjellovergangane opne.

Fjordenes Tidende har fleire webkamera der du kan følgje med på vëret. Dei finn du ved å klikke på denne lenka. Her kan du sjå levande bilde både frå Kråkenes fyr, Måløy, Hjortefarmen på Nave og Nordfjordeid. Du kan også få sjå den nøyaktige vindstyrken på Måløybrua.

Fjordenes Tidende sin vindapp kan også lastast direkte ned på telefonen.


Ny og forbetra app lar deg sitte heime i sofaen og følge med på vinden

No kan du sjå nøyaktig vindstyrke på brua når du vil

Denne helga lanserer Fjordenes Tidende, Sebastian Fløysand Kvalheim og Triangel Security sin nye og forbetra vindapp. Via eit kamera stilt inn rett på vindtavla på Måløybrua kan ein sjå nøyaktig kva vindstyrke det bles til kvar ei tid.


I Måløy-området er det søndag meldt liten kuling med kast på opptil 24 m/s. Måløybrua stenger ikkje før det er orkan styrke i kasta, altså over 32 m/s.