Rekordlåge tal på omkomne i trafikken i 2020

I Norge mista 95 personar livet i trafikken i 2020. Nasjonalt er det ein nedgang på 13 menneske og 4 færre i Vestland. – Det er vanskeleg å snakke om positiv utvikling når så mange framleis blir ramma, kommenterer regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås.

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

For første gang sidan 1947 har færre enn 100 menneske mista livet i trafikken i Norge. Talet på omkomne har lege relativt stabilt rett over 100 dei siste åra. I Vestland er òg utviklinga markant historisk sett, opplyser Trygg Trafikk i eiga pressemelding.