Vil hjelpe dei eldre i kommunen med å bli stødige på nett og digitale løysingar

Kommunedirektør Terje Heggheim fortel at kommunen har fått tildelt 65.000 kroner som skal brukast på datahjelp for vaksne og eldre innbyggarar i Kinn kommune.

Terje Heggheim og Ola Teigen  Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

- Vi ser at informasjon og tenester i offentleg sektor vert meir og meir digitalisert. Som kommune har vi eit ansvar for å gje digital kompetanse til innbyggjarane. Særskild gjeld det å gje kompetanse på dei digitale plattformene det offentlege tilbyr, skriv Heggheim i fredagbrevet sitt.