Utfordrande køyreforhold går utover rutetidene

– Eg hadde to bilar føre meg, der den fremste ikkje klarte å få fart igjen, så då blei det ut og skubbe

Snøen kom brått på fleire i ytre Nordfjord. For bussjåfør Per-Atle Andreassen, er det berre kjetting som gjeld på dette føret.

Kjetting: Per-Atle Andreassen legg på kjetting for å vere trygg på det glatte føret. Med nysnø på is fleire stadar, var det utfordrande for fleire å kome seg fram i morgontimane.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Han hadde akkurat returnert til Selje frå Måløy då Fjordenes Tidende møtte han måndag morgon. Då gjorde han bussen klar for å kunne køyre over Sandvikseidet til Stadlandet seinare på dagen.