Delte meiningar om snømengdene: – Dei vaksne som ikkje likar snø må gå i fengsel

Det er delte meiningar om all snøen som kom natt til måndag. Der dei vaksne i enkelte høve slit med å finne bilen, har ungane det heilt topp så lenge dei får nyte snøen i fart.

Jubler for snøen: Maria Moldestad, Levi Rundereim, Liam Maurstad, Julie Silden og Malin Wold ved Selje skule, har i motsetning til dei vaksne, ikkje noko imot dei store snømengdene som kom natt til måndag.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

I anledning snømengdene, hadde første- og andreklasse ved Selje skule utetime der alle nedoverbakkar ved skuleområdet vart nytta til fart og spenning.