Statens vegvesen opplyser at Fv 616 i Bremanger er stengd ved Endal medan dei ventar på at bilbergar skal få fjerna brøytebilen som står fast med eine hjulet utfor vegen, opplyser Statens vegvesen.
Dei melde det litt over klokka 05.00 måndag morgon.
Her kan du sjå Fjordenes Tidende sine WEB-kamera.
Dei antyda at det vil ta eit par timar å få fjerna brøytebilen og opna vegen igjen.
Dei rår bilistar å køyre via Fv 614 Ålfoten. Uhellet med brøytebilen går også ut over brøyting i området, opplyser Statens vegvesen.
Som Fjordenes Tidende har opplyst så køyrde ein brøytebil i Vågsøy utfor vegen to gonger, først søndag kveld og så natt til måndag.
Såpeglatt – her har brøytebilen hamna i grøfta for andre gong
Natt til måndag skjedde det igjen. Brøytebilen som hamna i grøfta søndag kveld hamna i grøfta for andre gong. Det er såpeglatt på vegane, fortel ein tipsar.
Entreprenøren til Statens vegvesen i Nordfjord melder om kraftig snøvër og at de har problem med å halde standarden på vegane, både riksveg og fylkesveg. Dei har alt av mannskap ute.