Snøkaos: Har stengt tre vegar

Idrettsvegen, Halsbakken og Bedehusbakken i Måløy er no mellombels stengd.

Idrettsvegen, Halsbakken og Bedehusbakken i Måløy er no mellombels stengd.  Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

Det har kome relativt mykje snø i Kinn kommune dei siste 12 timane, og kommunen sitt personell og innleigde entreprenørar har sidan i natt vore ute med fullt mannskap for å rydde vegane.

– Det er svært glatt mange stadar og vi ber folk vere varsame når dei ferdast i trafikken, heiter det i ei melding frå Kinn kommune.

Dei skriv vidare at hovudvegane er prioriterte og ryddast først.

– Umiddelbart etterpå startar vi å rydde sidevegar, tilkomstvegar, bustadgater, fortau, tilkomst til offentlege bygg osv.

Fleire bilar stod fast i bakkane i Måløy i dag tidleg.  Foto: Fjt-tipsar

Turstiar vert brøyta ved kapasitet.

– Einskilde kommunale vegar kan bli mellombels stengde dersom kommunen vurderer det naudsynt. Dette for at vi skal rekke å rydde vegen før den blir tatt trygt i bruk, skriv kommunen.

Idrettsvegen, Halsbakken og Bedehusbakken i Måløy er no mellombels stengd. For tilkomst til Trollskogen barnehagen må ein nytte Skramslia.