Kommuneoverlegen er bekymra

Fem nye smitta i Kinn og ein i Bremanger – alt er arbeidsinnvandring

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale, er bekymra. No er det fem smitta i Kinn og ein i Bremanger. To av dei smitta er i Måløy.

Kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Dale innrømmer at han har frykta at dette ville komme til å skje. Etter nyttår har det kome 300 personar inn til Kinn kommune frå Europa der det er stor smitte no.

Dette er personar som kjem til Norge for å arbeide.

– Når dei kjem til landet blir dei sjekka på grensa på flyplassane. Så reiser dei vidare til plassen der dei skal arbeide. Først når dei er komne fram får dei svar på testane, seier Dale til Fjordenes Tidende.

I Måløy er det no to personar som har kome frå utlandet som har testa positivt og som er smitta. Dei to er no pålagt isolasjon. Den eine vart oppdaga fredag og den andre i går, måndag.

Rundt desse to personane er det 10–12 personar som er pålagt karantene.

I Florø er det tre utanlandske arbeidarar som er smitta. Rundt desse er det også fleire nærkontakter som i karantene.

I Bremanger er ein utanlandsk arbeidar smitta, og her er det også nærkontakter som er i karantene.

– No er det viktig at arbeidsgjevarar har gode rutinar slik at ikkje smittesituasjonen utviklar seg. Dei må ha rutinar på å kontrollere at arbeidarane deira føl pålegg og smittevernreglar. Vi frykta at det vi opplever no skulle skje når så mange kjem til landet etter jule- og nyttårsfeiringa, seier Dale.

Dale seier at arbeidsgjevar må ha tilsyn med at dei som er isolerte og i karantene følgjer pålegg om dette. Han seier han er kjent med to tilfelle av brakkefestar der folk i karantene held festar.

– Det er ikkje bra, seier ein bekymra kommuneoverlege, og legg til:

– Her må arbeidsgjevarane følgje opp slik at smitten blir avgrensa.

Det positive no er at sjølv om det er mange som er testa etter nyttår, så er det ingen lokale som har testa positivt.

– Det stemmer. No er det snakk om arbeidsinnvandring frå land i Europa der det er stor smitte.

Dale er kritisk til at dei som kjem frå utlandet for å jobbe her kan reise inn i landet før dei veit resultatet av testane på grensa.