Her blir det stengt til i morgon: – Eg føler jo på eit ansvar, så eg våger ikkje å sleppe folk over før det er trygt

Robert Sten Ervik har ansvaret for å halde Sandvikseidet mellom Selje og Sandvik ope. Han fortel om umoglege forhold, og har derfor, i samråd med Statens vegvesen, vurdert det slik at det er best å halde fjellovergangen stengt.

Stengt: Kombinasjonen av vind og laussnø, gjer at det er store vanskar med å halde fjellovergangen mellom Sandvik og Selje open.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Då Fjordenes Tidende prata med han i 14-tida tysdag, hadde han forsøkt å opne vegen ved fleire høve utan hell. Det bles rett og slett for mykje, forklarar han.