I dag er det fleire som ikkje får papiravisa – berre å beklage

Ein feil i distribusjonen av Fjordenes Tidende fører til at fleire abonnentar i Selje og på Stadlandet ikkje får papiravisa i dag, tysdag.

Ein feil i distribusjonen av Fjordenes Tidende fører til at fleire abonnentar i Selje og på Stadlandet ikkje får papiravisa i dag, tysdag. 

Nyheter

– Årsaka er rett og slett ein feil i distribusjonen, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.

– Ein konteinar med avisene som skulle til Selje og Stadlandet blei ståande igjen på trykkeriet i Breivika i Ålesund då bilen frå Posten skulle hente den natt til tysdag.

Wåge seier at han ikkje har fått noko skikkeleg svar på om det er trykkeriet eller Posten sin feil at avisene blei ståande igjen.

– Når dei fann ut av kvar avisene stod så hadde det gått så langt på dag at det ikkje var mogleg å få sendt dei ut i dag. Det er berre å beklage. No må vi sørge for at rutinane til både trykkeriet og Posten blir betra slik at vi unngår slike feil igjen, seier Wåge.

Han seier at dei sender avisa til trykking seinast klokka 14.00 dagen før den skal komme ut.

– Etter det har ikkje vi kontroll. Vi betalar trykkeriet for å trykke avisa og Posten for å levere den ut, seier Wåge.

Posten har lova at dei som ikkje får avisa i dag skal få den i morgon, onsdag.

– Vi må berre håpe at det skjer, seier Erling Wåge, og fortset:

– Er du abonnent på avisa og har registrert deg elektronisk kan du laste ned papiravisa som e-avis akkurat når du vil utan at det kostar ekstra.

Her finn du e-avisa.

Og her kan du registrere deg for å få tilgang til alt innhald som Fjordenes Tidende lagar.