Problem ved begge fjellovergangane i ytre grunna snøen

Statens vegvesen melder at Sandvikseidet mellom Selje og Sandvik i Stad kommune er stengt i morgontimane tysdag.

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Meldinga om stenginga kom 06.23, og Vegtrafikksentralen kan førebels ikkje seie noko om når vegen opnar igjen.

Ein person Fjordenes Tidende har snakka med, seier at vegen er stengt sidan det ikkje har vore brøyta der enda. Vinden bles snøen over vegen og hindrar framkomst for bilar som skal over.

Personar som skal over fjellet må med det køyre via Mannseidet mellom Eide og Kjøde. Der får vi opplyst at det i nitida står ein lastebil og legg på kjetting. Det skal vere mogleg å køyre forbi denne bilen.