Det var under ein kontroll på Rv 15 på Kjøs kontrollplass i Nordfjord søndag kveld at dei ulovlege og farlege bremsene vart oppdaga, opplyser Statens vegvesen.
Det var store gjennomgåande sprekker i bremseskivene framme på trekkbilen. Det representerer sjølvsagt ein stor fare i trafikken.
Slik såg bremseskivene på framhjula til traileren ut. Foto: Foto: Statens vegvesen.
Sjåføren vart nekta å køyre vidare og trekkvogna måtte fraktast til verkstad i Stryn med bergingsbil der den må reparerast før han kan køyre vidare.
I den same kontrollen fekk ein sjåfør 2.000 kroner i gebyr for ikkje å ha godkjent vinterdekk på bilen sin. Bilen hadde eitt dekk som ikkje var godkjent etter krava.
Ein sjåfør fekk køyreforbod til underkøyringshinderet på bilen var rett plassert, opplyser Statens vegvesen.