Det kan vere krevjande for kommunane å følgje opp innreiseregistreringa – at dei får kontrollert om dei reisande har testa seg og går i karantene.
– For å hjelpe kommunane vil regjeringa etablere eit eige nasjonalt telefonsenter som får i oppdrag å følgje opp alle reisande, sa justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen i Norge onsdag.
– Senteret skal meistre fleire språk og skal lette arbeidet til kommunane med å redusere importsmitte og hindre spreiing av mutert virus, sa ho.
Det er Helsedirektoratet som har fått oppdraget med å etablere senteret.