Har sjekka botnforholda – fryktar stein vil rase ut ved den nye cruisekaia

På bestilling av Stad kommune har Nordfjord Dykkerservice utført undersøkingar ved SeaWalk Nordfjordeid si kai. Der kjem det fram at delar av kaia er i ferd med å rase ut.

  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Botnsteinane på den inste delen av kaia er på veg til å sige ut. Ein stein har kome ut og er synleg på lågvatn. Dette bør ein vurdere å reparere, viss ikkje kjem den til å ramle ut, skriv selskapet ved Per Kåre Navekvien i ein e-post til kommunen.