Sklei av vegen - ventar på bilbergar

Ein lastebil frå Bring har køyrt av vegen ved Stokkeneset på fylkesveg 620 på Stadlandet.

  Foto: Fjt-tipsar

Nyheter

Det var i totida onsdag at uhellet skjedde langs Årsheimstranda i Stad kommune. Lastebilen var på veg i retning Kjøde.

Som ein ser på biletet, er det akkurat nok passasje til at større køyretøy kjem forbi. Fjordenes Tidende får opplyst at sjåføren har vore i kontakt med bergingsbil og ventar på bistand frå den.