Onsdag morgon skapar snøen framleis problem mange stadar.
Natt til onsdag har desse fylkesvegane vore nattestengd på grunn av snø og vind:
Fv 5716 Kråkenes – Raudeberg i Kinn
Fv 5750 Leikanger – Honningsvågen i Stad
Fv 5753 Leikanger – Hoddevika i Stad
Desse vegane vart brøyta og opna i morgontimane onsdag.
Fylkesveg 5753 Drage- Hoddevik i Stad kommune er onsdag morgon framleis stengd på grunn av snø og vind, opplyser Statens vegvesen.
Tysdag kveld klokka 22.40 opplyste Vest politidistrikt at ein semitrailer hadde køyrd i grøfta på Lotevegen på E 39 i Stad kommune. Politiet opplyste at vogntoget ikkje var til hinder for anna trafikk, men at det var svært glatt i området.