Vogntogsjåfør blei stansa på såpeglatt vinterføre med sommardekk

Vogntoget som tysdag vart vinka inn på kontrollplassen i Nordfjord var alt anna enn skodd for det glatte snøføret som var, og vart nekta å køyre vidare.

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det var under ein kontroll av store køyretøy på Statens vegvesen sin kontrollplass på Rv 15 på Kjøs i Nordfjord at vogntoget med sommardekk vart vinka inn.

Det skjedde på tysdag.


Slik såg bremsene på vogntoget ut – sjåføren vart nekta å køyre vidare

Då Statens vegvesen hadde kontroll søndag kveld stansa dei eit vogntog med store sprekker på bremseskivene framme. Sjåføren vart nekta å køyre vidare.


Statens vegvesen opplyser at dette vogntoget ikkje var skodd for føret vart nekta å køyre vidare før føret på vegane var betre. Føraren fekk i tillegg 8.000 koner i gebyr for fire dekk som ikkje var vinterdekkmerka.

Han måtte i tillegg rydde siktsona. Køyretøyet hadde i tillegg sprekker i frontruta.

I same kontrollen hadde ein varebil 200 kilo overlast og måtte laste av før han fekk køyre vidare, opplyser Statens vegvesen.