Skal bli varmare i ytre - fare for snøskred i indre

Det fine vêret i Nordfjord ser ut til å halde fram inn mot helga. Men i lågare strok er det søndag venta at temperaturane aukar til raudt på sundag, medan det i indre strok - mellom anna på Harpefossen skisenter, er meldt om fare for snøskred.

  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

I ytre Nordfjord, melder meteorologane at temperaturane vil halde seg under frysepunktet nokre dagar til. På sundag er dette venta å snu, og ein kan få temperaturar opp i fire plussgrader.

Dette heng saman med ein del skyer som trekker innover kysten laurdag kveld. Med dette kjem det òg ein del vind, og det meldast om frisk bris og stiv kuling utsette stadar. På kvelden kan det kome ein del nedbør i form av sludd og regn.

Meldingane i indre strok, syner at temperaturane skal halde seg under minus dei komande dagane. På Harpefossen skisenter er det oransje farevarsel med tanke på snøskred.

Anbefalinga der er som følgjer:

Ferdsel i skredterreng krev solid kunnskap, erfaring i ruteval og evne til å identifisere skredproblem. Generelt tilrådast det å unngå skredterreng. Skred kan treffe enkelte skredutsette vegar og ein sjeldan gang busetnad.