Har investert 20 millionar for å løfte familiebedrifta til nye høgder

Familien Drage har dei siste åra lagt ned eit betydeleg tal arbeidstimar for å realisere draumen om å få bli sjefar i eige hus. Resultatet er ikkje berre betra arbeidsforhald for tilsette, men også eit løft når det gjeld bygdefolk og turistar sine behov for verkstadtenester og tilbod.

Mor og son: Om alt går etter planen, kan Tone Beate og Hans Ole Drage invitere til opning om kort tid. Den nye verkstadhallen på Leikanger i Stad kommune, er med det det siste tilskotet i den rivande utviklinga som har vore i bygda dei siste åra.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

I desse dagar nærmar det seg sluttspurten for det siste tilskotet til næringsparken på Leikanger i Stad kommune. Den nye bilverkstaden får namnet Drage Auto, der familien med same namn no satsar stort på ulike tenester inn mot privatbilmarknaden.