Skal direktesende markering mot vindkraft til Stortinget

Laurdag skal kampen mot vindkraftutbygginga i Borgundvåg på Stadlandet direktesendast på storskjerm framfor Stortinget i Oslo.

Wenche Hovlid Sortvik håper at mange vil ta turen når demonstrasjonen mot vindkraft på Stadlandet skal direktesendast til Stortinget.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Arrangementet er i regi av Jan Gunnar Berg som i lengre tid har hatt denne typen protestar på Løvebakken. Markeringa er ein del av ei større markering der også anleggsarbeidet på Haramsøya er ein del av arrangementet.