Får ut opp mot 5,5 millionar kubikk masse

Kan gå til prosjekt i kommunane, bli selt av entreprenøren eller bli dumpa på sjøen

Innan sommaren 2022 vil Kystverket ha innspel til korleis ein kan nytte 5 til 5,5 millionar kubikk med stein frå arbeidet med Stad skipstunnel.

Innan sommaren 2022 vil Kystverket ha innspel til korleis ein kan nytte 5 til 5,5 millionar kubikk med stein frå arbeidet med Stad skipstunnel.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

– I utgangspunktet kan vi flytte massane så langt som det trengst, men skal vi transportere den gratis har vi sett ei grense på inntil ti nautiske mil. Det betyr at vi kjem oss forbi Raudeberg, men ikkje heilt til Måløy. For Stadlandet sin del kjem vi oss til Leikanger og i Vanylven forbi Fiskå, fortel prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket.