Ved pinleg nøyaktige opptrekk frå kvar sprøyte fekk helseføretaket vaksinert 80 fleire helsetilsette enn planlagt

For to veker sidan starta vaksineringa av helsepersonell i sjukehusa i Helse Førde. Føretaket planla for å vaksinere om lag 330 tilsette, men betre utnytting av kvart vaksineglas gjer at heile 408 no har fått vaksinen.

For to veker sidan starta vaksineringa av helsepersonell i sjukehusa i Helse Førde. Føretaket planla for å vaksinere om lag 330 tilsette, men betre utnytting av kvart vaksineglas gjer at heile 408 no har fått vaksinen.  Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK

Nyheter

Det har vore kjent at kvart glas med vaksine, såkalla hetteglas, i utgangspunktet rommar minst fem dosar. Men ved pinleg nøyaktige opptrekk i kvar sprøyte kan det vere mogeleg å få ut opptil sju dosar frå kvart glas.